Matrikkelutkastet av 1950
Utkastet
Matrikkelutkastet frå 1950 er ei samling av omtrent 85.000 lister over fast eigedom i Noreg. Listene er ordna etter stigande gardsnummer innafor kvar kommune. Listene er utarbeidde av Finansdepartementet.
Matrikkelutkastet inneheld ikkje data for bykommunar. Ein finn med andre ord ikkje informasjon om Oslo, Bergen, Trondheim, osb. Derimot var ikkje kommunesamanslåinga komen så langt på denne tida, slik at ein td. kan finne informasjon om Strinda ved Trondheim.
På austlandet var Aker på dette tidspunktet innlemma i Oslo, så ein finn ikkje dette heradet i matrikkelen.
Matrikkelrevisjonen vart aldri fullført, difor manglar opplysningar frå Finnmark fylke, og dette er grunnen til at ein snakkar om eit utkast.
I listene finn ein nanmnet på gardsbruk, villaer, fridtidseigedomar, parsellar, offentlege og private institusjonar, osb.
Matrikkelutkastet er eit sentralt hjelpemiddel for namnekonsulenttenesta i staten, og vert brukt i arbeidet med å normere stadnamna. Fordi matrikkelutkastet også inneheld namnet til grunneigaren, kan arkivet også vere nyttig for personnamnforskarar.
Innhaldet i databasen
Denne basen er under oppbygging, og alle data er ikkje på plass. Det vil også vere ein del feil i basen som skuldast at innlesinga av data ikkje er gjort heilt rett. Dette vil bli retta opp i løpet av kort tid.
Web-grensesnittet
Du kan bla rundt i matrikkelen ved å klikke i hierarkiet. Ved å klikke på namn med ein pluss framfor, går du lenger ned i hierarkiet. Ved å klikke på namn med ein minus framfor seg, går du opp i hierarkiet.
Dersom du vil søkje etter eit namn, kan du skrive inn namnet i søkjefeltet og trykke på knappen. Du vil då søkje gjennom alle dei stadane som har eit pluss-teikn framfor seg i hierarkiet. Du kan sette inn eit prosent-teikn "%" derom du vil søkje etter eit eller fleire ukjende teikn, eller understrekingsteikn "_" dersom du vil ha berre eit ukjendt teikn.
Som eit døme kan vi prøve å finne alle gardar og bruk i Fjell herad i Hordaland som har namnelekken "holme" i seg.
Klikk først på Hordaland. Då får du lista opp alle heradane i Hordaland. Klikk så på Fjell. No ser du alle gardane i Fjell. Skriv så %holme% i søkjeskjemaet, og trykk på søkjeknappen.
Matrikkelutkastet av 1950
Hordaland
Skånevik herad
3 Toftekalven
1 Toftekalven 3 mark 80 øre Anders E. Njøs
2 Minde 0 mark 19 øre Thor V. Djuve
3 Fagerheim 0 mark 20 øre Kristofa og Britha Toftekalven
Vis som tekst